Søk etter sakna person i Nordsjøen

Et helikopter flyr over havet.
Illustrasjonsfoto: AW 101, også kjent som SAR Queen. (Foto: Forsvaret/Fabian Helmersen)
Et helikopter flyr over havet.
Illustrasjonsfoto: AW 101, også kjent som SAR Queen. (Foto: Forsvaret/Fabian Helmersen)

HRS har fått melding om at ein person har falle over bord frå fartøyet Alfa Baltica, om lag 25 nautiske mil vest av Obrestad fyr. Vi har sett i verk søk, og redningshelikopteret frå Sola er kome fram og er i gang med søk i området.

Andre fartøy i området er på veg for å bistå i søket. Søkeforholda er vanskelege på grunn av kraftig vind og bølgjer.

HRS koordinerer redningsaksjonen.

Oppdatert kl. 19.40: Søk avslutta

Hovedredningssentralen Sør-Norge ønskjer å informere om at leiteaksjonen etter den sakna frå Alfa Baltica no er avslutta. Etter ei samla vurdering i samråd med lege har politimeisteren i Sør‑Vest politidistrikt, Hans Vik, beslutta å avslutte søket, då det ikkje lenger blir vurdert som mogleg å finne vedkomande i live. Den sakna blir no rekna som omkomen.

Våre tankar går til dei pårørande og resten av mannskapet om bord på tankskipet i denne krevjande situasjonen.

Hovedredningssentralen Sør-Norge takkar alle involverte for solid innsats og godt samarbeid gjennom heile søket.


Publisert i