Rettleiar for søk etter sakna person på land er ferdig revidert
Tydelegare søkemetodar, ei styrkt rolle for fagleiar søk og betre bruk av digitale verktøy er blant endringane i den reviderte nasjonale rettleiaren for søk etter sakna person på land. Målet er at politi, frivillige og andre aktørar skal ha eit endå tydelegare felles grunnlag når dei leitar etter sakna.
– Søk etter ein sakna person er ein nødsituasjon. Det betyr at vi må kome raskt i gang, prioritere rett og utnytte ressursane best mogleg. Eit felles språk og ei felles forståing av metodikken er avgjerande når mange ulike aktørar skal arbeide saman, seier Jon Halvorsen, direktør ved Hovedredningssentralen.
Kvart år handterer redningstenesta meir enn 1500 hendingar der personar er sakna. Den nasjonale rettleiaren skal gi politiet, frivillige redningsorganisasjonar og andre aktørar eit felles fagleg grunnlag for korleis slike aksjonar skal planleggjast og gjennomførast.
– I denne utgåva har vi tilpassa redningstenesta si organisering og innsats til ein ny teknologisk kvardag, i form av at FAKS no er innarbeid i rettleiaren, seier redningsleiar Jan Erik Skorpe ved Hovedredningssentralen.
Han har leia arbeidet med å revidere rettleiaren, i tett samarbeid med politiet og Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF). Den reviderte rettleiaren er godkjend av Nasjonalt Redningsfaglig Råd (NRR).
Dette er dei viktigaste endringane
Revisjonen er ei målretta oppdatering av rettleiaren frå 2022. Erfaringar frå større og komplekse leiteaksjonar dei siste åra, mellom anna søket etter sju år gamle Torjus i Lindesnes, har vore ein del av grunnlaget for arbeidet.
Også innføringa av Felles aksjonsstøtteverktøy (FAKS) har gjort det nødvendig å sjå på korleis metodikken blir skildra og brukt i ei stadig meir digital redningsteneste.
Blant dei viktigaste endringane er:
- omgrepa «finsøk» og «grovsøk» blir tekne ut
- søkemetodane blir skildra som punktsøk, ledelinjesøk og arealsøk
- rolla som fagleiar søk blir tydelegare
- bruken av sykkelhjulmodellen blir presisert
- FAKS får ein tydelegare plass som felles verktøy for planlegging, dokumentasjon og samhandling
Frå «finsøk» og «grovsøk» til tydelegare søkemetodar
Ei av dei største endringane er at omgrepa «finsøk» og «grovsøk» blir tekne ut. Bakgrunnen er at omgrepa har vore forstått og brukte ulikt i forskjellige delar av redningstenesta.
I staden skildrar rettleiaren tre søkemetodar: punktsøk, ledelinjesøk og arealsøk. Arealsøk blir igjen delt inn i effektivt og grundig arealsøk.
Målet er ikkje berre å endre ord, men å skape ei meir presis og einskapleg forståing av korleis søk skal planleggjast og gjennomførast på tvers av organisasjonar og fagmiljø.
– Når politi, frivillige og andre ressursar skal løyse ei oppgåve saman, må vi vere sikre på at vi legg det same i omgrepa vi brukar. Eit presist språk gir oss eit betre utgangspunkt for å forstå oppdraget likt og arbeide godt saman, seier Skorpe.
Tydelegare rolle for fagleiar søk
Den reviderte rettleiaren gir også ei tydelegare skildring av rolla som fagleiar søk.
Fagleiar søk skal vere ein fagleg rådgivar for innsatsleiar og bidra til planlegging og leiing av søket. Rolla blir særleg viktig når ein aksjon varer lenge, omfattar store område eller på andre måtar blir kompleks.
– Dei fleste sakna blir funne raskt. Utfordringa oppstår når søket varer over tid og blir meir komplekst. Då treng innsatsleiinga nokon som kan løfte blikket, følgje den samla søkeprosessen og gi faglege råd, seier Skorpe.
Mindre fokus på ringar – meir på terrenget
Rettleiaren presiserer også korleis sykkelhjulmodellen skal forståast og brukast.
Erfaringar, mellom anna frå bruken av FAKS, har vist at modellen enkelte gonger blir tolka for bokstavleg, og at merksemda blir retta for mykje mot ringane som blir viste på kartet. Tidvis blir ein så oppteken av å fylle ringane med søketeigar at ein ikkje kjem vidare i vurderinga av kvar den sakna faktisk kan vere.
I den reviderte rettleiaren blir ringane derfor tona ned. I staden blir det lagt større vekt på den taktiske tankegangen bak modellen: terrengforståing, ledelinjer, refleksbasert søk og sannsynlege rørslemønster hos den sakna.
– Modellen er god, men han må brukast som eit hjelpemiddel for å tenkje taktisk, ikkje som ei oppskrift der vi følgjer faste ringar på kartet. Terrenget, spora og kunnskapen vi har om den sakna, må styre prioriteringane, seier Skorpe.
Tilpassa ei digital redningsteneste
Sidan den førre revisjonen har FAKS fått ein sentral plass i søk etter sakna på land. Det blir no tydelegare reflektert i rettleiaren.
FAKS blir brukt som eit felles arbeidsverktøy for mellom anna planlegging, dokumentasjon og samhandling under leiteaksjonar. Samtidig skal metodikken ikkje vere avhengig av at dei digitale løysingane alltid fungerer.
Enkelte skildringar er dessutan flytta til vedlegg, slik at dei lettare kan oppdaterast når teknologi og arbeidsmetodar utviklar seg.
Eit felles fagleg fundament
Den første nasjonale rettleiaren for søk etter sakna person på land kom i 2015 og bidrog til å etablere felles omgrep, metodikk og organisering i norsk redningsteneste.
Den nye revisjonen byggjer vidare på dette fundamentet og skal bidra til at aktørane i redningstenesta arbeider ut frå eit mest mogleg felles fagleg grunnlag.
– Det viktigaste gjennom heile arbeidet har vore den sakna personen. Målet er at vi skal bruke kunnskapen, ressursane og verktøya våre best mogleg, slik at søket blir så målretta og effektivt som mogleg, seier Skorpe.
Den reviderte rettleiaren vart godkjend av Nasjonalt Redningsfaglig Råd våren 2026 og blir publisert i samband med Redningskonferansen.