Nysgjerrig statssekretær på besøk

Hovedredningssentralen fekk denne veka besøk av statssekretær Hans-Petter Aasen frå Justisdepartementet.

Det var ein engasjert statssekretær som møtte leiinga og redningsleiarar ved Hovedredningssentralen si avdeling i Sør-Noreg, på Sola.

– Sjølv om eg er kjent med utviklingstrekka i redningstenesta og utfordringsbilete slik det tidlegare er skildra frå Hovedredningssentralen si side, er eg glad for å endeleg kunne møte dykk fysisk! Eg ser fram til å lære meir både om konkrete hendingar og korleis de  jobbar i operasjonsrommet, sa Aasen innleiingsvis.   

Prinsippa om ansvar og samvirke er to viktige element som ligg til grunn for organiseringa av den norske redningstenesta.

– Samvirket er skjørt, samtidig som det er robust. Hovedredningssentralen er navet som koplar dei ulike ressursane saman, men vi ser at det er ei utfordring å halde kunnskapen fersk og oppdatert om dei ulike instansene sitt ansvar under hendingar, forklarte direktør Jon Halvorsen. At redningstenesta er ein funksjon er i all hovudsak ein stor styrke, men det er eit system som er krevjande å halde ved like, peiker han på. HRS si rolle som pådrivar blir dermed viktig.

Innføringa av nødnett var på mange måtar eit tidsskilje. Etter nokre innkjøringsproblem fungerer nødnett no etter intensjonen.

– Skredet på Gjerdrum var ein eldprøve som viste at det fungerer, og nå kan redningsleiarane våre kommunisere med alle aktørene i ei hending, i sanntid. Saman med utviklinga av felles planverk, både på tvers av dei to hovudredningssentralene som er slått sammen til ein organisasjon, men også i form av nasjonale rettleiarar for å samkjøre metodar og planverk på tvers av etatar, er dette gode døme på at redningstenesta i Noreg drar i ei felles retning, mener Halvorsen.  

Viktige vurderingar må gjerast raskt

Statssekretæren var også innom operasjonsrommet. Vakthavande redningsleiar, Kjetil Hagen, forklarte hovudtrekka i korleis redningsleiarane jobbar, og gav ei kort innføring i den aktuelle hendinga som gjekk føre seg medan Aasen vitja.

– Utfordringa vår er heile tida at vi må gjere vurderingar raskt, nokre gonger på bakgrunn av avgrensa informasjon. Ny teknologi gir oss høve til å hente inn meir informasjon som kan gi betre avgjerder, men det koker likevel ned til at dei som sit på vakt må skaffe seg ein god situasjonsforståing raskt, slik at dei kan gjere kloke vurderinger som fører til dei best eigna tiltaka, sa Hagen. 

Statssekretæren vitja operasjonsrommet og fekk ei orientering om korleis redningsleiarane jobbar. Frå venstre ser vi Jon Halvorsen, Hans-Petter Aasen, Ståle Jamtli, og Pål Anders Hagen saman med redningsleiar Kjetil Hagen.

Avdelingsdirektør Ståle Jamtli var ein av mange som jobba med hendinga der cruiseskipet Viking Sky fekk problem utanfor Hustadvika våren 2019. Etter ein kort gjennomgang av sjølve hendinga gjekk han inn på erfaringane frå denne marsdagen.

– Viking Sky er eit bra døme på kor kompleks ei stor hending kan vere, med ekstremt mange involverte partar. Den viste blant anna også kor viktig det er med god koordinering av luftfartsressursar. Dette vart forsterka av erfaringane frå Gjerdrum, og vi jobbar no med å utvikle ein nasjonal rettleiar for slik koordinering, fortalte Jamtli.

Hovedredningssentralen har kursa redningsleiarane sine i dette sidan 2010, men med ei utvikling der blant anna droner blir meir vanleg, blir dette stadig meir aktuelt.

– Ein ting er å fly ei drone, noko anna er å bruke den effektivt i ein redningsaksjon, meiner han.

Jamtli var også innom utfordringar knytt til det vaksande talet på båtar med el-motor.

– Batteria på desse gir frå seg giftige gassar ved brann. Stadig større fartøy til sjøs blir utstyrt med hybridløysingar der batteria er store. Her vil skadepotensialet ved brann vere stort, og det er nødvendig å planlegge for korleis vi skal handtere slike situasjonar, sa Jamtli.   

Avslutningsvis peika Aasen på at han sit etter kvart med eit godt bilete av korleis Hovedredningssentralen jobbar, og sentralen si rolle i den norske redningstenesta.  

– De nyt stor tillit, og eg opplever at vi har ei felles interesse av å lære av hendingar; både for å utvikle redningstenesta og med tanke på førebygging av hendingar. Vi ser at utfordringane er samansette, blant anna med eit stadig meir rikhaldig friluftsliv. Her kan det vere interessant å sjå på korleis vi kan få brukt dei dataa som HRS sit på gjennom sitt rapporteringssystem.

Aasen møter Hovedredningssentralen igjen allereie om tre veker, når han skal besøke avdelinga i Bodø.

Publisert i