Pris til Gjerdrum-evaluering

Hovedredningssentralen er tildelt Evalueringsprisen 2022 for evalueringa etter kvikkleireskredet på Gjerdrum i 2021.

Redningsleiar Rune Danielsen leia arbeidsgruppa som gjorde evalueringa av redningsaksjonen og den akutte krisehandteringa under skredet. Han er både stolt og glad for denne prisen.

– Det er veldig kjekt å få ei slik tilbakemelding på arbeidet som er gjort! Evalueringa gjekk føre seg over eit kort tidsrom. Eg var prosjektleiar, men heile gruppa, sett saman av folk frå Hovedredningssentralen, Politihøgskolen og DSB / Norges Brannskole jobba intenst for å komme i mål.

Han fortel at det var utfordrande å lage rapporten på berre nokre få månadar.

– Det er den mest komplekse redningsaksjonen på norsk jord nokon sinne. På det meste var over 1000 personar involvert i hendinga samtidig. Vi gjorde over hundre intervju i arbeidet med evalueringa, og det var krevjande å bli ferdige innan tidsfristen.  

Omfattande kjeldemateriale

Metodisk tok gruppa i bruk kvalitativ metodetriangulering, der ulike kvalitative metodar og kjelder blir kombinert. Evalueringa bygger på data frå intervju, skriftlege innspel til evalueringsgruppa og dokumentstudiar.

– Vi spurte mellom anna alle dei ulike aktørane som var involvert, om å få tilgang til deira eigne evalueringar, for dei som hadde gjort slike, fortel Danielsen. 

Prosjektleiaren trur at evalueringa skil seg litt ut på fleire punkt.

– Vi forstod tidleg at ein del av det som skjedde i den første fasen vart aldri formidla gjennom media, rett og slett fordi dei hadde ikkje tilgang til området dei første timane. Dramatikken og risikoen som redningspersonellet utsette seg sjølv for dei første timane var stor. I evalueringa har vi brukt narrative skildringar i presensform, med sitat frå ulike aktørar.

Evalueringa avdekka ikkje noko som tilseier at fleire liv kunne vore redda i redningsaksjonen på Gjerdrum. Det var mykje som gjekk bra. Å framheve det i ei evaluering er eit uvanleg grep.

– Rapporten skil mellom bestepraksis og læringspunkt. Bestepraksis syner særleg gode døme frå hendinga som trygt kan følgjast.  Læringspunkta tar for seg både positive læringspunkt, men også forslag til forbetringar som kan ha relevans for andre aktørar.

LAST NED: Her kan du lese  evalueringa

Bestepraksis gir ekstra verdi

Direktør for Hovedredningssentralen, Jon Halvorsen, tok imot prisen saman med Rune Danielsen.

– Grepet med å ta fram bestepraksis gir ein ekstra verdi ved at vi får fram mange døme på god praksis som vi kan ta med oss i vidareutviklinga av redningsberedskapen i Noreg, seier Halvorsen.

Han er takksam ovanfor alle som har bidratt med sin kunnskap og sine erfaringar inn i dette viktige arbeidet.

– Omfanget og kompleksiteten av denne hendinga har gitt oss høve til læring på systemnivå. Samstundes veit vi at kvikkleireskred skjer ikkje ofte, og med denne rapporten kan ressursar i andre delar av landet lære av det som skjedde på Gjerdrum slik at erfaringane derfrå kan vidareførast til dei som skal gjere ein innsats neste gong eit kvikkleireskred rammar busetjingar. 

Set hendinga i samfunnskontekst

Det er norsk Evalueringsforening som deler ut Evalueringsprisen, og det vart gjort på Evalueringskonferansen i Oslo denne veka. Juryen skriv i si grunngjeving av rapporten viser at evalueringsgruppa har ei god forståing for evalueringsobjektet, i tillegg til både evalueringsfagleg og metodekompetanse, som gjer at oppdraget er gjennomført  på ein god måte.

«De viser en god faglig forståelse kombinert med god forståelse av evalueringens samfunnsmessige kontekst. Evalueringen har en god struktur og er skrevet i et tydelig og enkelt språk rettet mot de mange redningsaktørene som utgjør norsk redningstjeneste.»

Les meir om Evalueringsprisen

Mandatet til evalueringa kom frå Justis- og beredskapsdepartementet, og det var også dei som nominerte Gjerdrum-evalueringa til prisen.

Departementet var opptekne av at det var viktig med ei tydeleg avgrensing av evalueringa til sjølve redningsaksjonen. Videre var det ei erkjenning at kvikkleireskred skjer sjeldan, og at det dermed var eit poeng med evalueringa å lære på «systemnivå».

– Håpet med det var at evalueringa også kan bidra til at andre typar redningsaksjonar kan lære av handteringa av denne hendinga, fortel utredningsleiar Sveinung Torgersen i Justis og beredskapsdepartementet.

Publisert i