Stor interesse for kommunikasjonssøk

Redningsleiarane Rune Danielsen og Steinar Vatne (t.h.) har fagansvaret for kommunikasjonssøk ved Hovedredningssentralen.
Redningsleiarane Rune Danielsen og Steinar Vatne (t.h.) har fagansvaret for kommunikasjonssøk ved Hovedredningssentralen.
Redningsleiarane Rune Danielsen og Steinar Vatne (t.h.) har fagansvaret for kommunikasjonssøk ved Hovedredningssentralen.
Redningsleiarane Rune Danielsen og Steinar Vatne (t.h.) har fagansvaret for kommunikasjonssøk ved Hovedredningssentralen.

Hovedredningssentralen arrangerte nyleg ei fagsamling rundt tematikken kommunikasjonssøk. Rundt 60 personar frå ulike fagmiljø i og rundt redningstenesta frå heile landet tok turen til Sola.

Initiativtakar frå Hovedredningssentralen, redningsleiar Steinar Vatne, fortel om ei rivande utvikling innan kommunikasjonssøk:

– Dette var den første samlinga av sitt slag, og eg meiner det er på tide å skape eit samlingspunkt for å diskutere dei moglegheitene og avgrensingane som kommunikasjonssøk.

Ved å skipe til ein slik arena for erfaringsutveksling håpar Hovedredningssentralen å bidra til ei felles kunnskapsplattform. Redningsleiarane ved Hovedredningssentralen jobbar dagleg med å spore både personar og fartøy som er sakna.

Redningsleiar Rune Danielsen, fagansvarleg for kommunikasjonssøk ved Hovedredningssentralen si avdeling i Nord-Noreg, minna oss om at redningstenesta har ei rekke ulike teknologiar dei kan spele på for å søke etter sakna.

-​​​​  For HRS sin del er kommunikasjonssøk eit støtteverktøy i ein pågåande aksjon. Som regel blir andre søk- og redningsressursar nytta parallelt. Vi ser at teknologien kan bli påverka av til dømes refleksjonar frå infrastruktur, topografi og meteorologiske tilhøve.

Han meiner å sjå ei profesjonalisering på dette fagfeltet.  

​​​​​​​-  Vi ser at vi får betre verktøy, dei fleste teleoperatørane er kopla på Nødnett og nasjonale kompetansemiljø er under utvikling. Samstundes jobbar vi med prosedyreutvikling. Vi har mellom anna fått på plass ein interim-rettleiar, fortalte Danielsen.  

Det var både ulike nasjonale myndigheiter og teleoperatørar med på samlinga på Sola. Deltakarane dukka ned i til dels komplekse problemstillingar av både teknisk og juridisk art i løpet av dei to dagane dei var samla, men den raude tråden var likevel gjennomgåande i innlegga:  vi nyttar kommunikasjonssøk som eit av fleire nyttige verktøy for å hjelpe personar i naud. 

Kommunikasjonssøk er også eit tema hjå dei frivillige. Mellom anna har Norsk Radio Relæ Liga etablert eit signalspor-team som bidreg med å tolke mobilsignal. Desse kan støtte både Hovedredningssentralen og lokale redningssentralar ved behov. 

En gruppe mennesker er på besøk i operasjonsrommet til HRS på Sola
Fagsamling kommunikasjonssøk vitja også operasjonsrommet ved HRS Sør-Noreg.
Publisert i