Trente på evakuering frå cruiseskip

Brannen i maskinrommet vart aldri skikkeleg sløkt då ekspedisjonscruiseskipet MS Quest deltok i ei redningsøving på Svalbard førre veke. Dei 50 passasjerane måtte evakuerast. Heldigvis var det berre ei øving denne gongen, men opplevinga var realistisk nok for dei som måtte gå i livbåtane utanfor Longyearbyen.

330-skvadron frå Banak var med på øvinga. Foto: Jonas Skotnes/Forsvaret

Det er mykje skipstrafikk rundt Svalbard i sommarhalvåret, men samstundes er det ganske avgrensa med redningsressursar som er tilgjengelege om det skulle skje noko.  Med øvinga førre veke fekk Emmi Ikonen og kollegaene frå Hovedredningssentralen (HRS) høve til øve på samvirket mellom ulike aktørar.

Bygger tillit

Redningshelikopter frå 330-skvadronen og Kystvakta var blant dei som var med, saman med blant anna droneoperatørar, Norsk Romsenter og organisasjonen for arktisk cruisetrafikk, i lag med fleire andre.  

– Det er så enkelt som at ved å øve er vi betre rusta til å jobbe meir effektivt saman når det faktisk skjer noko. Vi bygger forståing og tillit. Eit viktig øvingsmoment denne gongen var korleis vi flyttar passasjerar frå eit skip over til eit anna skip, og teste ulike måtar å gjere det på. Denne gongen var det roleg på sjøen og lite vind, men det er ikkje alltid gitt at tilhøva er så fine når eit skip får problem, seier Ikonen.

Øvinga vart gjennomført som del av ARCSAR, eit EU-finansiert prosjekt som jobbar med å etablere eit beredskapsnettverk for Arktis og Nord-Atlanteren. 20 partnarar er med, fordelt på 12 land.

– Dette er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt som har gått over fleire år, fortel Ikonen. Ho er prosjektleiar for ARCSAR ved HRS, og sit til dagleg i Bodø.

Emmi Ikonen er prosjektleiar for ARSCAR. Her på Svalbard med MS Quest i bakgrunnen. (Foto: privat)

Saman med kollegane Mikel Dominguez Cainzos og Tore Wangsfjord frå HRS har ho brukt lang tid på å planlegge øvinga.

– Vi har blitt godt kjent med den islandske kystvakta, som har leia planlegginga av sjølve øvinga. Mykje av tilliten og kunnskapen om kvarandre som aktørar i samvirket, bygger vi undervegs i planlegginga, meiner prosjektleiaren.  

Målet med ARCSAR-prosjektet er å fremme samarbeid og innovasjon innan søk og redning i arktiske strøk. Dette skjer gjennom auka samspel mellom nød- og beredskapsaktørar, akademia og innovatørar i relevant industri. Dei ulike aktørane er både norske og internasjonale. Under øvinga stod både søk etter sakna personar ved hjelp av mobilsignal og testing av nødpeilesendarar på agendaen.

– Vi forsøker å både dele beste praksis og utvikle ny praksis innan beredskap og tryggleik til sjøs, seier Ikonen.

Satellittelefon for å nå fram med naudmelding

Redningsleiar Tommy R. Edvardsen frå HRS var også både med på planlegging og gjennomføring av øvinga.

– Scenarioet på denne øvinga var at ekspedisjons-cruiseskipet MS Quest fekk problem medan dei var i aude område nord av Nordaustlandet på Svalbard. Dette er eit skip som i utgangspunktet har kapasitet for et mannskap på 25, og 53 passasjerar, seier Edvardsen.

Sjå Sjøforsvaret sin video frå øvinga

MS Quest simulerte brann i maskinrommet, og måtte evakuere passasjerane sine over til KV Barentshav. Foto: Anders Martinsen

Øvinga starta med en simulert brann i maskinrommet, men denne utvikla seg raskt til ein brann som ikkje var under kontroll. Sidan skipet var så langt nord vart varslingsmåten til Hovedredningssentralen via Iridium (satellittelefon) og aktivering av nødpeilesendar (EPIRB).

– Dekninga i dette området gjer at når skipet varsla Mayday via VHF når den meldinga ikkje fram til Kystradio nord, som er samlokalisert med oss i Bodø. Det einaste skipet i dette scenarioet som var innanfor VHF-dekning var kystvaktskipet KV Barentshav. Dei sette med ein gong kurs mot havaristen MS Quest, fortel Edvardsen.

I Hovedredningssentralen sitt operasjonsrom i Bodø sat Linda M.S. Hansen og overvaka hendinga på avstand. Ho er redningsleiar under opplæring, og fekk øve seg på å vere vakthavande denne dagen. (Foto: Anja Kristin Bakken)

Då det blei klart at passasjerane på MS Quest måtte evakuerast til kystvaktskipet, vart dette gjort med bruk av livbåtar og ein redningsflåte. Redningshelikopteret AW-101 (SAR Queen) frå Banak deltok også i øvinga. Helikoptermannskapet heiste nokre av mannskapet som var simulert skada, samt nokre av passasjerane. Desse vart også evakuert til KV Barentshav.

– På grunn av logistikk og tryggleik føregjekk øvinga i Isfjorden, ein times tid med båt frå Longyearbyen, forklarar Edvardsen.

Han støttar  kollega Emmi Ikonen i verdien av øvinga.

– Ei slik øving er eit unikt høve for SAR-aktørar, ekspedisjonscruiseindustrien og teknologiutviklarar til å trene saman, som til slutt vil resulterer i meir effektivt samarbeid under reelle redningsaksjonar.

Publisert i